Friday, May 01, 2009

Helter i Norgesglasset, del 3: Ivar Aasen

Det fylgjande vert skrive på nynorsk, ettersom hovudpersonen er nynorskens far (med forbehald om feil i nynorsken, eg finn ikkje ordlista mi):

17.mai-feiring i utlandet var noko heilt spesielt. Det var ein dag som var nesten like høgt verdsatt som jul og fødselsdag.
Det var alvor. Me var så stolte over at me hadde ei Grunnlov heime i Noreg. Eg trudde ikkje bhutanesarane hadde noko grunnlov. På skulen satte me opp skodespel om oppveksten til Henrik Wergeland. Sidan me berre var tre elevar, fekk me meir enn ei rolle kvar. I fyrste akt var eg veslebror til Henrik, som bad til Gud om at dei måtte finne vegen heim. Og så spelte eg mora deira. Me song "Den prektigkledte sommerfugl" og "Vi ere en nasjon vi med". Far til Henrik hadde vore ein av dei fyrste i Stortinget, så han hadde me respekt for! Me gledde oss til å reise til Eidsvoll og sjå statuen av den dyrekjære forfattaren som draumde om Stella.

Same året øva me på heile nasjonalsangen, signert Bjørnson. Me kunne alle dei 9 versa utenat. Eg hukser at me stod på trappa til skulen og song. Me trakk ikkje på smilebanda ein einaste gong. Dette var ingen lek. "Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett".

Me såg opp til dei norske forfattarane.

Då me flytta tilbake til fedrelandet, oppdaga syster mi og eg at det ikkje var heilt normalt å vere så opptatt av slikt. Vi vart meir og meir opptekne av Jannicke og Midt i Smørøyet og lot som me syntest det var kjekt med Disneyfilmar.



Så byrja eg på videregåande. Det lyriske og norske i nynorsken trollbandt meg. Eg vart kjend med han. Iver Andreas Aasen. Mi interesse for det norske språket og den tilhørande litteraturen vaks. Det heile starta med at me skulle tolke "Nordmannen". Plutseleg sat eg der med tårer i augene.

"Frampå vetteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land.
Men når vårsol i bakkane blenkte
fekk han hug til si heimlege strand."


Den dag i dag er han eit av mine største førebilete.
Kvifor?

-Han gav ikkje opp. Sjølv om han fekk mykje motbør, heldt han fram med språkarbeidet sitt. Det gav resultat: Eit eige skriftspråk.

-Han var nøktern og sparsam, men ikkje gjerrig. I dagens forbrukarkultur har vi mykje å lere av han. Han utnytta det han hadde. Gjenbruk. Konvoluttar vart bretta ut, slik at han kunne bruke baksida til å skrive på. Tobakkspapiret samla han óg på. Mykje av det beste i norsk språk er altså laga på papirlappar frå Tiedemanns Tobakk. Han var flink til å bruke dei midlane han hadde! Han hadde alltid litt pengar på kistebotnen, og dei delte han av og til med sunnmøringar som kom og skulle studere.

-Han hadde orden i sakene sine. Både som språkforskar og botanikar hadde han system på det han samla. Han tok vare på det han hadde.

1 comment:

Berit said...

nydelig! Har ikkje fått lest det før i dag, for det va alt for langt for hodet mitt... mn nu e æ meir i slaget t å få lest litt! Æ blir rørt...Håpa dåkker har en fin dag der heime. Savna dåkker sinnsykt!