Friday, September 29, 2006

Kjensler, nostalgi og Berit

Dette innlegget er mynta på mi kjære storesyster, Berit. Eg lærde på skulen i dag at Berit betyr ”pakt” på anten gresk eller hebraisk. Eg er takksam for syster mi. Det er fleire grunnar til det. Ein av dei er at ho kjem til å forstå dette de skal lese no. Nokon av dykk kjem ikkje til å skjøne det her, då får eg berre beklage. (Ja, eg veit at ord som startar med be- ikkje vert brukt i nynorsk, men eg kjem ikkje på eit anna ord no i farta). Jo, eg kan sei. "Då får eg berre be om orsak for det."

Kjensle.

Eg kom til å tenkje på det her om dagen. Eg så eit bilete av ei kinesarjente med ein lys lilla fleecegenser, og eg fekk ei herleg kjensle. Eg fekk det eg kallar ”Bhutan-kjensla”. Det var nok farga. Det var noko eg kunne glede meg over. Så gjekk det nokre timar utan at eg tenkte så mykje meir på det. På kvelden, då eg skulle pusse tennene mine, fann eg ut at eg skulle hente ein ny tannbørste frå lageret til Kleng. Og eg fann ein metallic-grøn ein. Og då måtte eg stoppe nokre sekundar. Ei ny kjensle! Ho var innafor ”Bhutan-kjensla”, men ho var meir definerbar. Kanskje litt ”Samdrup Jonkar”, eller ”Basar”. Berit, hvis du les dette, så håpar eg du skjønar!

Det er rart dette med kjensler. Nokon gonger, når eg et i matsal eller ein annan stad der du finn loff og sjokoladepålegg, må eg berre smøre meg ei skive, brette ho saman og få ”Singapore-kjensle”. Heng de med?

Noreg-kjensla. Ho er det nostalgi over. Berit, eg vonar du les dette. Nyklippa gras. Kneipp med bringebærsyltetøy og eit glas melk. Vaniljeis med sjokoladebitar i skålane til Farmor. Mjuke stoffsete i saab´en.. Det har vi snakka om før. Men eg har ei ny ei: Farga glas! Slikt som er i vindauge. Gjerne grøne. Litt av same materiale som dei ”Hua-Hin-glasane” til Ester og Leif. Det er litt ”Lerkeveien”. Og Lerkeveien er liksom Noreg! No kom eg (ok, det blir litt vel internt det her!) til å tenkje på den gongen då vi lekte under trappa i lerkeveien. Vi lekte at eg hadde brekt arma, og gipsen var ei barbie-eske!
Berit, eg elskar deg!! Takkar deg!
No har eg så lyst til å vere meir saman med deg at eg nesten flytter til Bergen!

No spora eg litt av, ja.
Det er så fint med slike ting som vi kan glede oss over!

Er det noko som gjev deg spesielle kjensler?

11 comments:

Anonymous said...

Maren!!!

hei hei så utrolig lenge siden!
Håper så inderlig du har det bra i Oslo, selv likte jeg meg godt det året jeg bodde der.
Håper alt er bra med deg og dine, og hils Berit masse!
Gikk igjennom noen bilder jeg hadde og fant så fine bilder av deg og meg på Hermarkstoppen! Husker du vi lå i telt?
haha, det var godt tider.
Lykke til i oslo!

Hilsen fra Fredrikstad :)

marenioslo said...

Hei liv therese!
så gøy!
toppen var konge!
hvor i verden er du nå?
Bless bless!

Anonymous said...

Hei, Maren! ! Du æ vel bare rå! Æg bli så imponert øve din kreativitet! :) Henn va du når æg sleit med nynorsken, og ikkje gadd å spør om hjelp? hehe! Høres ut som alt æ knall i oslo for deg og det gjør meg virkelig glad! Æg savne deg damen! Æg he litt lyst å komme ei helg på besøk te deg! kanskje te jul på julehandel? Skreiv det på blink, men du bruke jo ikje blink! ! :) Du æ god! KLemklem fra ei som savne deg! !

Anonymous said...

Hoho! Jeg husker at jeg og lærte om Berit på denne tida av året for to år siden :) Hurra for Karsten!
Jeg blir glad av stjernehimmel! Og av alle de fine menneskene i oslo :)
Smaskpladask Maria

Anonymous said...

Hei Maren!

Eg har ei greie for flyplassar. Får ei spesiell kjensle av å sitje på flyplassen og berre sjå på folk som kjem og folk som reisar. Sjå på flya som lettar og landar, og fundera på kor dei skal og kor dei kjem frå.

Anonymous said...

Så utrolig koselig, Maren! Blei litt melankolsk her æ satt...
Men har du tenkt på lukten av varmt vann i det siste? Glovarmt, rett fra springen. Du må lukte mens vannet renner, ikke ta det over i en kopp eller noe. ( I mitt spann, jeg hadde litt vann. I min kopp, jeg drakk det opp! Huska du?) Det har en spesiell lukt som får med til å tenke at jeg står på badet i Lerkeveien. Med stellebordet til Hallvard innerst mot veggen. Ser du det for deg?

Gleder meg til vi treffes, SØSTER!

Mange klemma fra Bergen:)

Anonymous said...

Så søt du e Maren! E alt bra i Oslo?! Bynt på oppgaven? Sava, d e vesst ikke æ... Æ e i Nord-Norge, Nordens Paris, og hær har æ en kjærest næmlig! En nordnorsk, fantastisk, morsom kjærest (okei d e litt nytt førr mæ så når æ sir d så e d litt for å fortelle mæ sjøl nyhetn også....) Håpe du kose dæ i Oslo! fin ny blogg! Smask pladask fra "klassevenninna" fra fremste rad.

Anonymous said...

Er det noko som gjev meg spesielle kjensler så er det kjerasten min, ho ho ho :) Og, ja det er han eg fortalde om da vi var i bushen :)))

Anonymous said...

maren, i morra sees vi!
kor bra da ska bi! ;)

Anonymous said...

Maren...når jeg leste det merka jeg at jeg savner deg. Savner at du kommer hoppende inn i matsalen..savner at du bare er der..jeg kommer til Oslo på tirsdag, hadde satt pris på å treffe deg=) Jeg elsker himmelen, i alle dens former. Når jeg ser opp på himmelen forstår jeg hvor stor Gud er, og hvor mektig Han er. Det eneste jeg kan gjøre er å takke og tilbe... Gla i deg, Maren=)

Anonymous said...

Heisann

Liker bloggen din... den har den profilen jeg hadde tenkt at min blogg skulle ha, men den har blitt mer en "nyhetsblogg".

Jeg har også noen ting som får meg til å reise langt av sted. Lukten av brent søppel, ja du leste riktig. Det er en veldig spesiel lukt og når jeg kjenner den er jeg straks tilbake i Arequipa, min barndoms himmel. Der brenner de søpla...
Lukta av våt jord og mose sender meg nordover til Elnesvågen og skogen som lå(nå er det et byggefelt der) rundt huset til Mormor.

Ops. Nå skriver jeg alt for mye...

Digger bloggen din Maren.

PS: Jo, eg kan sei. "Då får eg berre be om orsak for det." ???