Tuesday, September 26, 2006

Eit nytt innlegg.

Eg tenkte eigentleg at eg skulle ha ei fiffig overskrift, som til dømes "Det ER eit godt liv", eller "helsing frå oslo", men det passa ikkje no.
Eg har mange ting på hjartet, så dette kan bli eit langt innlegg.

Ting har vorte annleis.

* Eg har byrja på Fjellhaug. Det gjeng bra, men no skal vi skrive oppgåve, og det er litt vanskeleg. Eg veit ikkje kor eg skal starte!

* Eg bur ikkje på Fjellhaug. Eg bur på Torshov, saman med ein kamerat som heiter Kleng. Han er verdas snillaste hybelvert! Her får de sjå eit bilete av rommet mitt:
Nei. Det får de ikkje! Det er så dårleg kontakt med nettverket, så det gjeng ikkje.

* Eg har vore på Maritakaféen i dag. Det er difor eg ikkje starta det heile med "Det er eit godt liv". For meg er det eit godt liv. Som regel, men ikkje alltid.
Men for mange av dei narkomane er det ikkje gode liv. Diverre. Det er for dumt. I Oslo er det så mange som treng at nokon bryr seg om dei. I dag snakka eg med to jenter på 18 år. Dei rusar seg, og har korkje råd til mat eller klede. Eg spurde ho eine om kva ho drømmar om. "Eg drømmar om å verte lukkeleg", sa ho.
Det er rart å tenkje på kor mykje klaging eg høyrer frå folk eg kjenner. Dei klagar på at vi studentar får for lite pengar. Hallo! Vi er så heldige!
Eg seier meg enig med Phil Collins; det er berre enda ein dag for deg og meg i paradis. Eller "It´s just another day for you and me in paradise".

* Eg skriv på nynorsk. Nynorsken min er diverre ikkje heilt feilfri, særleg ikkje når eg er utan ordliste. Kvifor eg skriv på nynorsk? For å gjere ei lang historie kort: Nynorsk er meir lyrisk. Og det er ein måte å hedre Ivar Aasen på.

* Eg har laga kjøttkaker av hjort.

* Eg har lært meg å spele backgammon.

* Eg skal kanskje verte støttekontakt.

* Eg vonar de legg igjen kommentarar til meg!

8 comments:

Anonymous said...

Hei Marshen! How are you doing? Vi liker nynorsken din! (sånn passe, sier Anne) Anne er syk. Maria er frisk. Har du gjort noe gøy i det siste? Kom på Borgen snart!

marenioslo said...

hei dere!
jeg liker dere!
nå skal jeg bake horn. Jeg er frisk. God bedring til Anne!
Ellers, ja, jeg gjør jo gøye ting nesten hele tiden.
JEg traff sigrid i går, det var gøy!
ses om ca 3 uker!

Anonymous said...

Hei, Maren, nynorsken din er upåklageleg. Du er så flink også, det må eg seie, til så mykje.

No har eg skrive ein kommentar på bloggen din, då må du også skrive ein kommentar på bloggen min, det er ein artig debatt på gang, der du sikkert kan bidra med interessante tankar. Eg ventar i spenning.

Anonymous said...

maren du er ei kjekk jente!

Anonymous said...

Hei Maren, naboførkja!

Når du skriv så lyrisk og pent på nynorsk, lyt mest eg óg gjere eit forsøk. Skal jo skrive eksamen i NOR1104 (det eine faget mitt) på nynorsk (utan ordliste...(og eg som måtte kjøpe ny her i vår til den eine eksamenen...berre å sei i frå om du treng ei, eg har to..)), så kan nok trengje øvinga...

Må seie du er ei snill jente... Mest trist å lese bloggen din, ein får så dårleg samvete når ein ser alt du gjer...

Skreiv sist om ein "happening" laurdag 7. okt. Den blir flytta ein dag, til søndag den 8. Har fått tak i billettar til Team Eckbo til meg og systra mi (det vert bursdagsgåva hennar frå meg i år) den laurdagen. Satsar på ein spelkveld, så morosat om du dukkar opp. Me kan spela Geni, TP, Scrabble, Fantasi... og drikka te, rødvin, kaffi, brus eller noko anna om me har lyst på det. Skal høyra med nokon fleire av vennane mine og dei koselege grannane våre.

Koseleg om du óg legg att ein beskjed i gjestebok mi...

(Og på førehand, beklagar nynorsken min...nokre år sia eg gikk på skulen...)

Hej då!

Anonymous said...

Hei!
Det var veldig gøy å treffe deg og shnuppa! Koste meg masse =) Hørtes ut som det var interessant på Marita... Stau pau!
Vi talas snart!

Ps: du er fortsatt like snæksin ;)

Anonymous said...

Synd vi ikkje fekk til TP, vi får ta det ein annan gong i nær framtid. Vi var ein gjeng hjå Sverre Bøe og hadde ein samtalekveld om Judasevangeliet, det var triveleg og spennande. Eg hadde eit lite foredrag også, artig å få "undervise" litt meir :P . Håpar elles du har ein fin dag.

SOLveig said...

nice.

eg tykjer det er nydeleg at du velgjer nynorsk. det visar karakter.

eg vonar deg alt godt i skrivinga. og er heilt enig i at nynorsk framtrer mykje meir lyrisk.