Sunday, November 12, 2006

Spice Girls (evnt Boys).

Menneske som har krydra mitt liv den siste veka:

Litlebror:
Bror min var hjå meg frå onsdag til torsdag. Det var koseleg, me har det så kjekt saman. Mellom anna veldig greitt å få ei oppdatering i amerikansk politikk. Han kan mykje, han der. Eg gler meg til å vitje han på Kvitsund neste helg.



Janne og Rune Mjølhus:
Det har vore møteveke på Fjellhaug. Fantastisk!

Silje..
☺ Ho her er det verdt å verte kjend med. Me skal til Indonesia påska 08, då skal me vitje Georg. I mellomtida skal me på kaffislabberas hos Helge Dagsland.
På laurdag var eg og 35 andre på ”Passfoto-fest” hjå ho. Artig!

Øystein og Åsmund:
Eg skal vere ærleg: Eg må sei at eg har ikkje gått rundt og sakna korkje Øystein eller Åsmund denne hausten. Men både då eg såg Åsmund på buss 21 her om dagen, og då eg trefte Øystein på MUF blei eg så overmåte glad for å sjå dei att. Atter noko å gle seg over.

Lars, Lars og Rune.
Eg kjenner 3 stk som heiter Lars Olav. Eg kjenner Lars Christian, Lars Erik, Lars Tore, Lars Levi (Lestadius), Lars Martin, og sikkert fleir som har eit anna namn plassert etter Lars. Dette har gjort at eg har lenge gått og venta på å helse på nokon som berre heiter Lars. Eit resultat av dette har blitt at eg har kalla andre menneske, som ikkje heiter Lars, for Lars. Det har ikkje vore frivillig.
Ta til dømes David på Ichtys-teamet mitt. Han vart eit offer for mitt behov for å kalle nokon Lars. Men no har eg lært at han heiter David, og eg har slått meg til ro med det. Så er det Rune. Han som bur med Gjermund og Andy. Eg tenkte heile tida inni meg at ”det er ein Lars!”. Men nei da, han heiter Rune.
Og så skjedde det. På MUF helste eg på ein venn av Løland. Han strakk ut handa og sa ”LARS”. Eg vart så glad! Fryd og gammen! Her var han. Så no skal Rune få vere Rune, og David er David. Og ikkje nok med det, i går helste eg på enda ein Lars. No er det plutseleg to av dei.

Erik.
Erik Johnsen og meg er Torshov-klanen. Det er kjekt. Temasong for mafiaen er ”Kom høyr”. Eirik er solist.

Pappa.
Helten over alle heltar (nest etter Jesus, seff) kjem til Oslo i dag. Eg gler meg til å sjå verdas beste ven og paps igjen.

13 comments:

Anonymous said...

Å Maren, Maren. For en fin gledesliste :) Jeg gleder meg bare mer og mer til å flytte til Oslo igjen. Tenk å treffe på kjentfolk over alt.. Sjelden opplevelse på Hesnes ;)
Jeg blir glad av bloggen din! Ha en fin mandag :)
Blog on! Smask

Anonymous said...

du er kul. snart er det jul. vi kan finne på masse tul. til dømes å slå hjul.

Anonymous said...

hvor har du fått tak i den fine genseren maren?
sånn har jeg lyst på..

neste mandag/tirsdag. når du forhåpentligvis er hjemme fra kvitsund vil jeg treffe deg i oslo! :)

marenioslo said...

den fine genseren er fra carlings.
:)
gler meg til å sjå deg.

Anonymous said...

eg har ikkje ord.
kjenner at eg raudnar. heeeeeheheeee

Anonymous said...

Men d sterkeste kryddere e du da...

Anonymous said...

Det er nesten halvannet år til påsken 08, så jeg er spent på hva som ligger i "mellomtida"...

marenioslo said...

ooo, I´m so spicy. Grr.

Mariann, said...

E lurer på om dei to larsene dine e like? eller har du nå plutselig to mulige utgangspunkt i forhold t åssen en lars e?

du og broren din e veldig like:)

marenioslo said...

siggi dæggi: I mellomtiden er når som helst, når du minst venter det, opp til flere ganger..

Mariann: De er ikke så like. Ei heller passer de til å hete Lars. Men slik er det bare- Øystein i klassen burde heller hete Andreas. Men so ist das leben.

Andreas said...

Du vil ha flere av slaget altså?

Anonymous said...

I mellomtida vert bra. Vi tek med rykande fersk gjærbakst. Er vi velkomne hos Dagsland, tru..?

Anonymous said...

Ring på, og det skal bli lukket opp for deg...